Jump to ratings and reviews
Rate this book

Heim

Rate this book
Etter å ha budd tretti år i Oslo vaknar Hallgeir Opedal ein dag og bestemmer seg for å gå heim til Odda, der han kjem frå. Det blir ein tur langs E134, frå leilegheita på Oslos vestkant til barndomsheimen i Odda. Forfattaren lagar seg eit sett med reglar for turen, mellom anna at han skal snakke med alle han møter, og ikkje vere redd for omvegar. Dei fører også heim. På vegen vestover filosoferer han over fenomenet heim. Kva er det eigentleg? Ein stad? Ei kjensle? Er det berre glør av nostalgi?

Opedal går ikkje berre tilbake der han kom frå, men også til fortida og røtene. Kvifor blei akkurat Odda heimen hans? Og er eigentleg Odda framleis heim? Undervegs møter han folk – og ikkje minst seg sjølv – og skildrar møta med humor, varme og sjølvironi.

238 pages, Hardcover

First published January 1, 2019

1 person is currently reading
36 people want to read

About the author

Hallgeir Opedal

12 books1 follower

Ratings & Reviews

What do you think?
Rate this book

Friends & Following

Create a free account to discover what your friends think of this book!

Community Reviews

5 stars
15 (32%)
4 stars
24 (52%)
3 stars
7 (15%)
2 stars
0 (0%)
1 star
0 (0%)
Displaying 1 - 3 of 3 reviews
Profile Image for Gaute Seljestad.
3 reviews3 followers
February 11, 2020
Ei herleg bok om den lange vegen heim.
Sjølve vandringa er ei god historie i seg sjølv, men det som verkeleg driv boka fram er dei mange digresjonane på vegen.
På sett og vis ein metafor for sjølve livet.
Alle avstikkarar er berre ein litt lengre tur heim
Profile Image for Magne Bergland.
43 reviews4 followers
August 29, 2024
For ei god overrasking denne boka viste seg å vere! Eg plukka ho opp på biblioteket meir eller mindre tilfeldig og tenkte ho kunne vere grei å bla gjennom i alle fall.

Allereie etter dei to første sidene var eg fast på kroken. Dei skildrar ei midtlivskrise (eller 'realitetsorientering' som Opedal føretrekk) som var nesten skremmande gjenkjenneleg. Derfrå kjem forfattaren raskt og effektivt til saka: Skildringa av gå-turen frå Smestad i Oslo til Odda; vegen heim. Dette 'ferdaminnet' er morosamt, vemodig og ganske så klokt skrive. Det handlar om alt frå dei store samfunnsendringane i Norge til vassblemmer og autovern. Einskilde fikse journalist-fakter som stikk fram i dei første kapitla, legg han snart av seg. Deretter flyt språket, som tankane til fotgjengaren, lett og i ulike retningar, men med hovudretningen heimover, attende til røtene.

Det hjelper sjølvsagt på min entusiasme at eg nyleg har feriert på fleire av dei stadene Opedal er innom, og at min eigen 'heimveg' er på mykje av same strekninga (om enn i motsett retning). Men eg kan ikkje skjøne anna enn at dette er ei bok som riktig mange vil ha glede av. Ho (eller 'den' som Opedal kanskje ville skrive, han er ikkje konsekvent!) fortener eit stort publikum. Men viktigare: Publikum fortener denne boka.

Og om du vanlegvis hopper over fotnotar: Ikkje gjer det denne gongen!
Displaying 1 - 3 of 3 reviews

Can't find what you're looking for?

Get help and learn more about the design.