Jump to ratings and reviews
Rate this book

Fritt fall

Rate this book
Nitten år gamle Elise bor sammen med faren sin og hennes største utfordring er hvorvidt hun skal fortsette på filosofistudiene eller bytte til matematikk. Men en dag dukker farens eks-samboer opp og forteller at datteren Bianca har omkommet i et basehopp på Voss, og alt blir plutselig et salig kaos for Elise. For den viljesterke Bianca fikk stor betydning for henne i de årene de var stesøstre. Nå er hun død.

Mens faren lukker seg inne i sin sorg over stedatteren, blir det opp til Elise å finne mening i mysteriene som omgir Biancas basehopp og død, og hun oppsøker fallskjermmiljøet på Voss og Biancas hoppvenner. Til tross for - eller kanskje på grunn av - et helt liv innendørs med bøker og teorier, blir Elise raskt beruset av fallskjermverdenen, og det tar ikke lang tid før studiene blir degradert til en dårlig samvittighet. Men livet på Voss Fallskjermklubb er ikke så enkelt som å falle fritt fra himmelen. Og snart er Elise på vei opp de samme fjellene som Bianca til slutt hoppet fra.

«(...) ei underhaldande, jamt over velformulert og ikkje minst gjennomtenkt historie frå det luftige elementet.» Leif Tore Sædberg, Stavanger Aftenblad

365 pages, Hardcover

First published March 12, 2020

2 people are currently reading
17 people want to read

About the author

Sunniva Vagstad

3 books3 followers

Ratings & Reviews

What do you think?
Rate this book

Friends & Following

Create a free account to discover what your friends think of this book!

Community Reviews

5 stars
7 (22%)
4 stars
17 (54%)
3 stars
6 (19%)
2 stars
1 (3%)
1 star
0 (0%)
Displaying 1 - 2 of 2 reviews
Profile Image for Oda.
131 reviews35 followers
June 14, 2020
Ein flott debutroman av Sunniva Vagstad!

Dette er ei bok eg lenge gleda meg til å lese, og den leverte godsakene! La meg først få applaudere den fantastiske tittelen Fritt fall - ein allitterasjon av konsonanten "f" og ein rytmisk betoning av enkeltstavingsorda "fritt" og "fall". Det er ein tittel som fengar og er lett å hugse, dessutan leverer den i både bokstaveleg og overført betyding i romanens motiv og tematikk.

Lesaren følgjer Elise, ei ung jente som akkurat har begynt på filosofistudiar. Ho bur saman med faren sin, Johannes, i Bergen, ein koseleg og behageleg atmosfære som skildrast spesielt godt i små, veltreffande anekdoter som denne: "Pappa og jeg hadde kikket ned på alt dette fra verandaen, mens vi spiste smeltet Pavlova og diskuterte hvor lite et land måtte være for at patriotisme skulle være sjarmerende" (Vagstad 2020: Loc 181). Det er ein bakoverlent 17.mai-feiring som ikkje tar seg sjølv høgtideleg; det viser nærleiken mellom far og dotter, aktualiserer Elise (og farens) anlegg for filosofiske diskusjonar, samt deira akademiske og samfunnskritiske skråblikk på omverda.

Det harmoniske tilværet blir avbrote når Johannes' ekssambuar plutseleg kjem på døra og fortel at dottera hennar er død. Elises tidlegare stesyster, Bianca, har omkome i eit basehopp på Voss. Elise er i sjokk, ho klarer ikkje å ta innover seg dødsfallet av si tidlegare stesyster og venninne; Bianca som både inspirerte henne og utfordra alt ho var oppdratt til å tenke om verda og livet. Sorgprosessen Elise går gjennom tilrettelegg for dei mange tilbakeblikka i forteljinga, retrospektive anekdotar som er med på å rulle opp omfanget av dramaet som føregår i romanens presens.

Gravferdsscena belyser ikkje berre uverkelegheita av Biancas død for Elise, den kritiserer den ritualtunge seremoniens framandgjering: "De tårevåte fjesene på benkeradene vi passerte så ut som skuespillere, det kunne ikke være sånn ekte begravelser var, de hadde sett det på film og spilte rollen så godt de kunne. [...] Mens presten snakket, lyttet jeg til de dempede hulkene bak meg med en økende følelse av prestasjonsangst" (Vagstad 2020: Loc 499).

Elise skammar seg over at ho ikkje klarer å grine, men hennar reaksjon er kanskje meir genuin enn å presse fram tårer for å gjere riktig inntrykk på eit publikum. I staden for å føre Elise nærmare Biancas minne og katalysere sorgprosessen, er prestens ord om at Bianca "levde i nuet" provoserande. Den sosiale forventinga om å prestere framfor kjente og ukjente ansikt i kyrkjeskipet, hemmar Elises sorgprosess og gjer henne berre meir i tvil om kven ho sjølv er, og kven ho ønskjer å vere.

Forteljarstemma reflekterer rundt ritualiserte fraser, samt sin eigen prestasjon i kyrkja: "Jeg ville spørre hvorfor døde jenter alltid ble beskrevet som nydelige. Ville spørre hvorfor jeg tenkte på sånne ting, hvorfor jeg i Biancas begravelse tenkte i det hele tatt, når det jeg burde gjøre var å føle" (Vagstad 2020: Loc 540).

Gravferdsseremonien viser korleis dei nærmaste (mor, stefar og stesyster) ekskluderast frå samværet med sitt avdøde familiemedlem, like mykje som at den avdøde er ekstrahert frå det levande familiebiletet. Dei gjenlevande møter opp til kyrkja, den avdøde er på utstilling, dei sørgande må passe på at dei "sørger riktig" (kledd i svart, dempa stemmer, tårefulle ansikt). Det er ikkje sosialt akseptert å stille spørsmål, å vise for mykje eller for lite følelsar. I staden for å tilpasse seremonien til den avdødes personlighet, blir alle avdøde tilpassa den formaliserte seremonien, som igjen blir ein framandgjerande avskjed i sin mangel på individualitet.

Forfattaren rører ved noko sårt og viktig i forbindelse med korleis vestlig kultur har fjerna seg frå døden som konsept; fjerna døden frå livet og kvardagen, som om det å fornekte døden ville gjere oss usårbare for dens vilkårlege og uungåelege inntreff. Døden er naturlegvis eit tema gjennom heile romanen, ikkje berre på grunn av Biancas død (første plotpunkt, the inciting incident), men med tanke på risikoen Elise oppsøker i respons til den dramatiske hendinga. I eit forsøk på å forstå kva som skjedde med Bianca, for å flykte frå kvardagen som ikkje lenger er riktig, for prosessere tapet av si kjære stesyster, blir Elise verande på Voss, sjølv om ho eigentleg berre skulle hente tinga til Bianca.

Idrettar som fallskjermhopp og basehopp utfordrar menneskets frykt for livet nettopp fordi det utfordrar frykten for døden. Fallskjermhoppinga gir meining for Elise; det er både eit tap av kontroll, samstundes som det er den ultimate kontroll å kaste seg ut av eit fly og halde hovudet kaldt i fritt fall. Lesaren følgjer Elises reise gjennom notid og fortid, der romanen byr på overraskingar og krimaktige tvistar og avledingsmanøvrar, før den landar med ein tilfredsstillande og oppklarande avslutning.

Romanen viser forfattarens litterære grunnlag i sine referansar til klassiske verk, nokre meir velplasserte enn andre. "For jeg er overbevist om at alle lykkelige tenåringer er like, mens alle ulykkelige tenåringer er ulykkelige på sin egen, personlighetsdefinerende måte", er ein klar referanse til Tolstoys Anna Karenina (Vagstad 2020: Loc 315).

Når Elise skal hoppe i fallskjerm for første gong og forteljarstemma seier: "Selvfølgelig var jeg i tvil. I tvil om jeg ville overleve, eller enda verre, om jeg ville drite meg ut" (Vagstad 2020: Loc 1482), så drog eg godt på smilebandet fordi det fekk meg til å tenke på Hermione Grangers ikoniske utsegn i Harry Potter and the Philosopher's Stone: "I hope you're pleased with yourselves. We could all have been killed - or worse, expelled" (Rowling 1997: 120).

Det er også referansar til Lewis' Narnia og Carrolls Alice in Wonderland: "Hele livet har jeg hatt en vag forestilling om at før jeg kommer så langt, vil jeg ramle ned i et kaninhull eller inn i et garderobeskap som vil føre meg enten til Eventyrland eller Narnia" (Vagstad 2020: Loc 252). Her skulle eg ønskje at forfattaren hadde vist meir tillit til lesaren ved å setje punktum etter "garderobeskap", ettersom dei fleste lesarar ville klare å legge saman to og to, og få tilfredsstillelse av å pakke ut referansen sjølv. Personleg hadde eg også føretrekt om forfattaren valde éin referanse og gjekk for den, i staden for å sprike mellom to litterære bilete som kvar for seg er så sterke, og har det same poenget.

På tampen av analysen vil eg nemne nokre av mine favorittskildringar. Dei stod ut for meg i teksten som forfriskande i det genrelle litterære landskapet av bøker som så altfor ofte sklir inn i velopptrakka metonymiar og metaforiske stiar:

* "To våte tjafser med hår hadde frigjort seg fra hestehalen og satte ansiktet hennes i parantes" (Vagstad 2020: Loc 555). Eg har sjølv sett hårtjafsane stikke ut slik i spegelbiletet, og føler at parantesane var ei perfekt skildring som eg aldri har tenkt på før.

* "Ute nappet mørket i landskapet, og flyet sto taust på bakken" (Vagstad 2020: Loc 787). Eit mørke som nappar i landskapet er ein veldig forfriskande og levande måte å skildre skumring på.



* "Den mannen har en høy terskel for hvem han vil tilbringe tid med fremfor å tilbringe den med seg selv" (Vagstad 2020: Loc 2601). Ei skildring eg som introvert absolutt kan relatere til.

* "Susingen man hører i ørene imploderte i et slikt psju som kommer når man holder inne av-knappen på en TV" (Vagstad 2020: Loc 3596). Ein metafor eg aldri har sett før, men eg kunne høyre lyden idet eg leste den, og skjønar akkurat kva forteljerstemma meiner. Presis, enkel og frisk.

Eg vil også legge til at eg sette veldig pris på bruken av dialekt i romanen. Det gjorde opplevinga av Voss straks meir autentisk enn viss alle hadde hatt replikkar på bokmål; karakterane blei ekstra levande gjennom dialektale ordval, noko som skilde dei frå forteljarstemma på ein god måte.

Det er mykje ein kan gjere for å sikre seg, men livet vil alltid vere eit usikkert prosjekt, med uventa vindkast og menneskelege feil. Slik er det også med romanskriving og romanlesing. Eg anerkjenner at noko av det som står på minussida hos meg, kan vere på plussida hos andre lesarar. Personleg skulle eg ønskje at romanen var litt kortare, men eg forstår også veldig godt kor vanskeleg det er å kutte ned på ord og setningar ein har blitt glad i, som ein føler gjer historia til det den er.

* I første del av boka begynte eg å lure på om Elise sleit med blodtrykket, ettersom ho var svimmel så ofte. Svimmelheit kan vere ein god kroppsleg skildring av reaksjonar som sjokk, men eg syntes det gjekk igjen påfallande ofte, og begynte å tenke over om det var eit hint til ein underliggande helstilstand:

- "Det spørsmålet gjør henne så svimmel at hun må blunke" (Loc 36, kapittel 1, Bianca)
- "En svimmel bølge buktet seg i magen" (Loc 142, kapittel 2)
- "Fargene [kveilet] seg sammen, gjorde meg svimmel" (Loc 332, kapittel 5)
- "Jeg kjente meg svimmel" (Loc 633, kapittel 8)
- "Jeg kjente meg svimmel" (Loc 759, kapittel 9)

Skildringa kjem att nokre gonger seinare i romanen også, men ikkje så ofte eller så tett som i starten. Eg vil poengere at dette ikkje er "feil" eller noko eg trur folk flest ville legge merke til, det er berre noko eg la merke til; eg er veldig detaljorientert og glad i språk, derfor tenderer eg til å plukke opp gjentakingar, spesielt av ord som har ein dramatisk effekt.

* Eg la merke til ein bitteliten kontinuitietsfeil i forbindelse med Elises eksamen:
- "Eksamensoppgaven vil bli publisert mandag morgen klokken ni" (Loc 1642, kapittel 22)
- "Mandag morgen sto jeg opp klokken sju, en time før oppgaven ble publisert" (Loc 1687, kapittel 23).
Det har ikkje vore noko informasjon om at eksamensoppgåva skulle publiserast ein time tidlegare, så eg antar at dette berre er ein redigeringsglipp.

* Når eg seier at eg ville ha korta ned litt, så er det gjerne skildrande delar av teksten som i nokre tilfeller kan tynge ned lesaropplevinga. Her er nokre eksempel på kva eg ville ha stroke, berre for å illustrere. Igjen, dette er berre min personlege preferanse:

- "Spørsmålet traff meg midt i minnene, fikk dem til å flagre opp som en sverm med flaggermus." (Loc 3338). Samanlikninga i andre setningsledd undergraver effekten av første halvdel. Eit spørsmål som treff midt i minna er eit sterkt bilete, flaggermusa kjem litt ut av ingenting i forhold til konteksten, og tilfører ikkje noko nytt eller annleis til skildringa.

- "Det slo meg at han tok mindre plass i sofaen enn i sted" (Loc 3431). Sidan hovudpersonen og forteljarstemma grip inn i kvarandre førsteperson narrativ, så ville ein direkte observasjon ha ein meir slåande effekt. Når forteljarstemma fortel at "det slår" henne, så reduserer det mulegheita for at lesaren - samtidig som Elise - kan bli slått av observasjonen.

- "Håret rakte ham til haken nå, det myknet ham ut i kantene. Som om han kunne høre meg, dro han fingrene gjennom det så de markerte kjevene kom til syne" (Loc 3629). Her verkar det litt unødvendig å poengtere kor markerte kjevene hans er, sidan skildringa av håret som mjuknar ansiktet allereie har implisert det.

- "Himmelen var uberørt puddersnø og kroppen min et nyvokset snowboard som skar gjennom det lysende blå" (Loc 3715). Her synes eg første del av setninga gir eit nydeleg bilete av fridom og sublimitet, der ein allereie kan visualisere korleis ho skjærer gjennom det i fritt fall, utan at det treng å bli eksplisitt skildra.

For å konkludere denne altfor lange anmeldinga, så vil eg sterkt anbefale Fritt fall til alle! For deg som lurer på korleis det er å hoppe i fallskjerm, for deg som brått har mista nokon du ar glad i, for deg som likar å leve trygt og farleg samtidig - ved å sitje trygt i sofaen samstundes som du i det fiktive univers er i fritt fall. Drama, romantikk, krim, eventyr, sjølvrealisering - denne har alt!

Eg synes romanen illustrerer veldig godt kor mykje vi menneske kan lære av kvarandre, korleis tilsynelatande heilt forskjellige menneske alltid har noko til felles. Forfattaren kommuniserer også veldig godt korleis vi kan utfordre oss sjølve, at vi gjerne er mykje tøffare enn vi trur, og at vi ved å stikke tåa (eller heile kroppen) utanfor komfortsona, kan utvide horisonten av vår eigen verkelegheit og tilføre livet nye fargar vi elles aldri ville forstått eller satt pris på.
Profile Image for Thea Trøen Bjertnes.
Author 3 books6 followers
January 19, 2021
En flott roman som overbeviste meg. Jeg likte godt det spenningsfylte drivet. Noen få steder undret jeg meg over nødvendigheten av adjektivsmettede setninger, men det er en bagatell i det store og det hele.
Displaying 1 - 2 of 2 reviews

Can't find what you're looking for?

Get help and learn more about the design.