Jump to ratings and reviews
Rate this book

Storegut

Rate this book
Aasmund Olavsson Vinje ( 1818 . 1870 ) var forfattar, bladmann og jurist. Med djup forankring i det folkelege og brei interesse for kulturelle og politiske straumdrag i utlandet, hadde han eit perspektiv som både lokalt og globalt. Vinje nyttar fleire ulike sjangrar : dikt, forteljingar, essay, artiklar, kåseri, kommentarar og reiseskildringar. Diktverket Storegut kom ut i 1866, og er eit av dei største arbeida til Vinje, og eit klassisk verk i den norske bokheimen. Den dag i dag er verket kjent for mange lesarar, som denne strofa frå . Det syng fyr Storegut . : Den dag kjem aldri at eg deg gløymer; for um eg søver, eg um deg drøymer. Um natt og dag er du like nær, og best eg ser deg når myrkt det er. Storegut var ein historisk person som levde i Telemark på slutten av 1700 . talet, og har levd på folkemunne heilt sidan den gong. Det var Vinje som gjorde Storegut kjent utanfor lokalmiljøet, og mange kunstnere har seinare late seg inspirere av kjempekaren frå bygdene i Telemark. Denne utgåva inneheld illustrasjonane til Storegut av Harald Kihle og Henrik Sørensen.
Lokalhistorikaren Richard Berges kritiske kommentarar til Storegut-verket var første gong trykt i Syn og Segn i 1906, og er med i denne utgåva. Utgåva er trykt i Vinjes eiga målform. Innleiing av Åsulv Edland. 15. utgåva

159 pages, Paperback

First published January 1, 1866

11 people want to read

About the author

Aasmund Olavsson Vinje

42 books5 followers
Aasmund Olavsson Vinje var ein norsk forfattar, journalist, lærar og jurist.

Vinje var ein av dei fyrste etter Ivar Aasen sjølv som aktivt tok i bruk landsmålet, i både prosa og lyrikk. Med kjende dikt som «Våren», «Ved Rundarne», «Den dag kjem aldri» og «Blåmann», har han vorte ståande for ettertida som ein av dei mest folkekjære lyrikarane i Noreg. Lyrikken hans vart til i overgangstida mellom Henrik Wergeland sin død i 1845 og det såkalla moderne gjennombrotet, og vert gjerne litteraturhistorisk plassert under den poetiske realismen.

Han var dessutan ein markant føregangsmann innanfor norsk journalistikk, både som Christiania-korrespondent i Drammens Tidende og med sitt eige blad Dølen. Vinje markerte seg som ein retorisk medviten kritikar av både samfunnstilhøve, politikk og litteratur, og som ein som hadde tvisyn, altså som såg sakene frå to sider

Ratings & Reviews

What do you think?
Rate this book

Friends & Following

Create a free account to discover what your friends think of this book!

Community Reviews

5 stars
3 (30%)
4 stars
7 (70%)
3 stars
0 (0%)
2 stars
0 (0%)
1 star
0 (0%)
Displaying 1 - 2 of 2 reviews
Profile Image for Hans-Petter Sandseth.
58 reviews
Read
September 4, 2022
Noe tungt språk, men interessant bok. Vanskelig å gi stjerner her, grunnet språket. Forstår at man må lese andre dialekter noe oftere!
Profile Image for Øystein Brekke.
Author 6 books19 followers
June 10, 2020
Ein uvanleg sjanger - diktsyklusen. Dette er vel den store i norsk litteratur, ved sida av (og litt under) Haugtussa. Eg las nok denne hovudsakleg av språkleg interesse. Dette er heilt i nynorsken sin barndom - skriven berre rundt 15 år etter Ivar Aasen si første ordbok - då det var om å gjere å visa at norsk kunne brukast til litteratur. Med det i tankane er resultatet imponerande.
Vinje er kanskje ikkje heilt der oppe på aller øvste hylle av norske diktarar - men han glimtar til, og høgdepunktet her er sjølvsagt "Den dag kjem aldri" (som forøvrig står fullstendig ute av samanheng med resten av verket).
Uansett, ei hyggeleg leseoppleving!
Displaying 1 - 2 of 2 reviews

Can't find what you're looking for?

Get help and learn more about the design.