Maria Kjos Fonn leverer med Heroin Chic ein rå, mørk og kraftfull roman. Leseopplevinga kan beskrivast litt som om ein har eit sår som aldri heilt får gro fordi forfattaren fortsetter å pirke og pirke og pirke gjennomgåande i handlinga. Romanen handlar om unge Elise, som har vekse opp i ein ressurssterk heim på Uranienborg i Oslo, men som likevel har eit ønske om å forsvinne heilt. Det byrjar med å kontrollere matinntaket, som blir ei veldig konkret og handgripeleg oppgåve mot Elise sitt mål om å bli vektlaus. Deretter blir det dop; heroin som først blir røyka, men som etterkvart blir injisert rett inn i blodet gjennom sprøytespissar.
Gjennom skarpt språk og intense skildringar viser forfattaren korleis avhengigheit og psykisk smerte kan ete opp ein person innanfrå, og korleis det skapar tvil, mistillit, sorg og frykt i relasjonane til dei pårørande. Forteljinga har eit rytmisk og nesten hypnotisk driv, der språket vekslar mellom ein slags poetisk form, og brutal realisme. Forfattaren er ikkje redd for å gå djupt inn i det ubehagelege, og utforskar dei aller mørkaste delane av livet som mange av oss aldri kjem til å forstå.
Det som hindra boka i å nå heilt til topps for min del, var at det kunne bli litt vel "mykje". Med det meiner eg ikkje at det var for mykje mørke, men at ein aldri fekk heilt pause frå det eksistensielle og "djupe". Kvar setning verka å ha ein djupare meining, og det blei rett og slett litt for nøye overveid. Det gjorde at eg til tider blei dratt ut av handlinga, og inn i det eg såg for meg som forfattaren sin eigen skriveprosess, noko som ofte kan irritere meg. Likevel er Heroin Chic virkelig ei bok eg vil anbefale, men absolutt ikkje dersom du er på jakt etter din neste feel-good roman.