Bokbadets bok nr 24. Ironisk nok skulle vi prøve oss på ei lettlesen og ikkje-historisk bok, som no openbert ikkje var tilfellet.
Gymnaslærar Pedersen, innskottssetninganes store meister, Lege-Ninas ridder, skal, etter å ha vakna opp i eit revolusjonært tiår i Noregs etterkrigstid, med altfor mange komma, altfor få kapittel (faktisk ingen), og utan å sjølv få puste, gjennomleve blaffet til denne politiske labre brisen, og sidan sjå attende på denne tida og teikne det ned.
Omtrent like plundrete å lese som overståande setning, er heile boka skrudd saman. Gløym spenningsoppbygginga, vink farvel til vakre skildringar - her skal tiåret teiknast ned like spartansk som møblementet i ein koreansk raskmat-restaurant. Det kan godt vere Noregs revolusjonsgarde opplevde det slik, og eg kan ikkje anna enn å tykkje litt synd på dei. Ikkje fordi dei følgde det dei trudde på, men fordi kommunistleiinga nok villeidde dei til å tru på noko som ikkje fungerte.
Boka gir godt perspektiv på kva som skjedde, ho er tidvis komisk og tar nok tidsalderen på kornet, men det er lenge sidan eg har vorte så irritert på teiknsetjinga i ei bok. Kanskje er det òg politisk grunna at Solstad lèt lesaren slite seg gjennom punktumsløysa og manglande linjeskift. For å gjenleve kommunisttida hos nokon her til lands, er nok dette likevel rette boka. Men om dette ikkje er hovudinteressa di akkurat no, ville eg la boka ligge og vald ei anna ei.