"Og stæren og Lærken forsvandt. Kanske frøs de ihjel? - det er ikke usandsynligt; for der er jo såmange Fugle, som fryser ihjel, når de er fortidligt ude. - Men hvor det så end blev af Lærken og Stæren, så var det nu de, som havde Ret alligevel: det _var_ dog den virkelige Vår, de havde sunget for - om de kanhænde ikke selv nådde at se den i dens Seir."
Ein slags norsk "Les Miserables", sett i ein trelastby på Austlandet på 1800-talet - handlinga skal tydelegvis føregå ei stund i fortida frå då boka vart skriven (1890-talet). Her sit borgarskapet med all makt over dei fattige sesongarbeidarane sine. Dei stadige audmjukingane får til slutt begeret til å flyta over, og rundt to tredelar ut i boka bryt streiken - eller strikken - ut.
Boka overgjekk forventningane mine. Eg las ho mest av nysgjerrigheit og venta ikkje det heilt store - ein polemikk mot borgarskapet utan særleg meir. Og ein polemikk er det jo - men betre og meir samansett enn eg hadde forventa. Blant brukseigarane er det eit spenn mellom dei rått undertrykkande, dei utspekulerte og dei paternalistisk omsorgsfulle. Og blant arbeidarane er det dei religiøst lydige, dei forsiktig moderate, dei rabulistiske og dei hissig alkoholiserte. Og i tillegg kjem dei kynisk opportunistiske plyndrarane, som eigentleg ikkje er arbeidarar, men stiller resten i eit dårleg lys.
Når sjølve streiken bryt ut, er det langt frå eit sosialistisk hyllingsepos til arbeidarheltar. Det er uorganisert, kaotisk og til dels tragikomisk. Men til saman verkar kaoset veldig _realistisk_ - mykje meir enn ein feilfritt gjennomført aksjon med happy ending ville gjort.
Og karakternamnet "Herregud i Kålrabien" er jo heilt fantastisk!
Og du kor rart det er å lesa Per Sivle på riksmål - men skriva, det kunne han!