Giovanni Boccaccios verdskjende klassikar i nytt utval.
Året er 1348. Ti ungdomar flyktar frå svartedauden som herjar i Firenze, og isolerer seg i ein villa på landet. Alle er friske, og i ti dagar underheld dei kvarandre med å fortelje historier. Dette er ramma for «Dekameronen», eit ord som på norsk kan omsetjast til «Dei ti dagane».
Storverket frå 1353 omfattar 101 historier på nærare 1000 sider. I dette utvalet finn du tolv av dei forrykande forteljingane. Vi har òg teke med eit utdrag fra. Boccaccios skakande vitnesbyrd frå pesten i Firenze. Boccaccios historier har mykje til felles med eventyra - dei handlar om kløktige tenestefolk og dumme herrar, om lausaktige kvinnfolk og kåte elskarar. Dei spenner frå erotikk til satire, frå det tragiske til det komiske, frå røff humor til livsvisdom.
«Dekameronen» vert rekna som verdas første novellesamling og er ein grunnstein og eit vendepunkt i verdslitteraturen. Boka er eit av verdas mest betydelege verk og har inspirert forfattarar som Geoffrey Chauser, William Shakespeare, Miguel de Cervantes og Jonathan Swift.
Meir enn noko anna er dette eit skattkammer av gode soger.
Til norsk ved Magnus Ulleland. Utval og føreord ved Jon Rognlien.
Giovanni Boccaccio (1313 - 1375) was an Italian author and poet, a friend and correspondent of Petrarch, and an important Renaissance humanist in his own right and author of a number of notable works including the Decameron, On Famous Women, and his poetry in the Italian vernacular. Boccaccio is particularly notable for his dialogue, of which it has been said that it surpasses in verisimilitude that of just about all of his contemporaries, since they were medieval writers and often followed formulaic models for character and plot.