Olaug Nilsen er ein av våre beste på å skildre menneske, familiar og relasjonar.
"Yt etter evne, få etter behov" handlar om kampen om å være nok for dei rundt oss, og kva som skjer om det vert for mykje, om ein gjer for lite, om ein gjev opp. Boka er ei rimeleg nøytral forteljing som ikke dømmar nokon i noko særskild grad. Forutan, Linda og Ulf, som vert sett i dårlig ljos. Jamvel vert også deira syn på verda begrunna, om ein noko tynt.
Reint tematisk handlar boka om Benjamin, som er autistisk og pleietrengande. Han bur sjå tanta si, Rakel, ettersom mora, Lea, har mista omsorgsretten for son sin. Me får fylgje desse og deira utvida familie gjennom eit par dagar i sluten av november.
I tillegg er kristendom, pietisme og bedehuskultur sentrale tema som alle preger kvinnene i familien i ulik grad.
Nilsen skriv flytande, naturleg og godt. Ho nyttar skildingar som ein kan sjå seg sjølv i, samstundes som ho beskriv handlingar og reaksjonar som er uventa, friske og vitnar om ekte menneske som ikke alltid handlar etter mønster eller logikk. Fem levande personar klarar Nilsen å måle fram på tida det tek å lese/lytte seg gjennom ei relativt kortfatta bok. Alle fem med styrkar og svakheiter, som gjer med både liker og misliker dei. Ikkje mindre enn imponerande!
Eg anbafaler verkeleg å lese denne boka av Olaug Nilsen, forøvreg alle hennar bøker.
Eg har lytta til boka som lydbok, lesen av Charlotte Frogner, Marianne Krogh, Niklas Gundersen og Malin Soli.