Boka er ei gjennomgang av arbeiderforeningtida hans, med littegranne om livet før og etter. Det er soleis ikkje ein biografi over heile livet, men berre den delen som er mest interessant for Noregs-soga. Det er svært forståeleg gjort.
Hovudpoenget med boka er å få fram kva Arbeiderforeiningane faktisk gjorde og meinte. Dei arbeidde i hovudsak for røysterett, opplysing og nokre ganske milde reformar. I både mål og metode minte dei om chartristane i Storbritannia. Dette er eit innlegg i debatten om Marcus Thrane, som Ringvej meiner har overvurdert det radikalt sosialistiske elementet i rørsla. Det er naturleg at ettertida har gjort, både av di det har vore politisk opportunt for dei radikalt sosialistiske elementa i ettertida, og av di statsmakta nytta påstandar om revolusjonær sosialisme til å domfella og knusa Arbeiderforeiningane. Desse påstandane skal ha hatt lite rot kjeldegrunnlaget til domen over Thrane og dei andre arbeidarleiarane.
Soleis bør eg, ut i frå denne boka, tenkja at arbeidarrørsla var mindre revolusjonær, og den norske staten meir reaksjonær på 1850-talet enn eg har fått inntrykk av gjennom tidlegare lesing. Det som fanst av arbeidarreising utanfor Austlandet vart mindre nemnt enn eg trudde, rørsla var kanskje meir austlandssentrert enn eg visste. Men når rørsla var mindre revolusjonær, går det meg som endå meir spanande å få vita koss den tidlege arbeidarrørsla i resten av landet var. Særleg Nordland bør eg lesa noko om, sidan dei fyrste arbeidarpartistortingsmenna kom der i frå.