Familie som skjuler ei historie. Generasjonar som ikkje snakkar godt saman. Så blir den gamle faren dement og Marianne, dottera, må gjere noko. Det startar med litt kontakt, og så prosessen med å få faren ut av huset og inn på sjukehiem. Relasjonen er kald mellom dei. Eg lurte lenge på kvifor det var på den måten. Men svaret kjem sakte gjennom tilbakeblikk, og vi får sjå korleis ting heng saman.
Lenge latar dei som om alt er greit, folk rundt dei vil kanskje ikkje så at relasjonen er dårleg. Dei snakkar om arv, og gjenstandar blir delt. Men arven som ligg i opplevingar frå barndomen er vond, og vi får høyre om ei syster som døydde då ho var 40.
Tause folk. Bygdemiljø. Menneska som bur der held mykje tilbake. Møllen ligg i det gamle og gjer skade.
Det lyse i romanen er skildringane av livet i hagen. Marianne jobbar ved eit hagesenter og elskar å grave i jorda. Årstidene og prosessane i hagen speglar familielivet. Det er ulike årstider, det er avleggarar og sjukdom på planter.
Boka skildrar sakte prosess knytt til aldring og livsfaser. Om saket av å snakke saman, vere ærleg og open. Ja, det er trist, men det er fint skrive.