Eg veit ikkje korleis eg skal klare å formidle kor godt eg likte denne boka. Eg visste jo at eg kom til å like boka, for eg elska førre boka hennar. Men eg blir jo likevel overraska, for korleis er det mogleg å skrive så bra? Eg har forsøkt å spare boka så lenge eg kan, lese så sakte eg greier. Men så må eg berre lese litt til og litt til, før boka tar slutt og eg sit att med ei kjensle av å føle meg både snytt og takksam på ein gong. For eg vil ha meir. Akkurat som ho i VG. Eg lo, eg grein, eg lo enda meir. Det er SÅ fint skrive. Ho skildrar så levande og godt at eg kan kjenne lukta av Theis sin rullings, sjå for meg det heimefarga håret til Tanja over den blå maskaraen, føle skuffelsen til Ruby når det nok ein gong berre er ein strek på testen. Til og med katten kunne eg kjenne smyge seg mellom føtene mine. No har eg bookhangover til tusen, men eg skal kome over det om eg så må lese boka hundre gongar til - slik som med Draumar. Og så er det jo berre å glede seg til den neste boka hennar. Sukk.