I denne vakre bildeboka møter vi ei jente og far hennar i ei tid prega av sorg. Dei to lever ut sorga på ulikt vis. Faren trekker seg inn i seg sjølv, medan jenta drøymer om broren ho har mista.
Då jenta får faren med på drøymeleiken, skjer det noko stort og uventa.
Bror min viser kor ulikt barn og vaksne kan tenke om sorg - og korleis dei ulike perspektiva saman kan gi både innsikt og krefter til å leve vidare, saman.
Boka kan eigne seg for den som har mist nokon, men også som grunnlag for samtale med barn om kva døden er.
Bror min er ei forteljing om sorg og håp og om dei heilande kreftene som vi alle ber på.
Laura Djupvik er forlagsarbeider, skribent og forfatter. Hun kommer fra Gurskøy på Sunnmøre, men bor nå i Lier ved Drammen. Hun debuterte med romanen "Båten er så liten" i 2004. I 2008 fikk hun Guro Sandsdalens litteraturpris for barneboka "Hundre appelsinar og ein fiolin". I sin begrunnelse sier juryen blant annet: «Laura Djupvik har skrive ein vakker liten roman med ein viktig tematikk: Det er lov å vere annleis. Romanen er tematisk kompleks og språkleg enkel... Laura Djupvik (viser) ei sjølvstendig og særprega forfattarstemme med evne til å skildre kjenslesterke scener utan å vippe over i det sentimentale.»