Sidan eg las "helter og monstre på himmelhvelvingen" av Maj Samzelius som barn har den greske mytologien vore ei av mine favorittkjelder for litteratur og forteljingar. Difor var det artig å lese i etterordet at også Hobbelstad har lese og vore svært inspirert av nett denne bokserien. Eg syntes eg kunne kjenna att både historiene og måten dei er er fortald på.
Denne boka er ei veldig fin framstilling av forteljingar og menneske og gudar - men nok med endå meir vekt på menneska. Nett dette, å fortelje historiene gjennom mennesklege auge, å lata menneska og skjebnane tre fram som meir enn berre rekvisittar, tilfeldige statistatar i gudane sine renkespel fugnerer godt tykkjer eg.
Historiene er ellers ganske kjapt og greit (men fint!) formidla.
Heilt perfekt juleferielektyre!