Dikta er korte bitar av ein historie som fortset frå debutboka Eg et før eg kjem. Tankar, episodar, refleksjonar og mange konkrete situasjonar tar for seg det å bu saman. Om ein varmvannstank som fyller golvet med vatn, om tvilen, om gode og dårlige sider, om det å snakke saman, om kor bokhylla skal stå, om muggsopp, om helgeturar, stein i skoen, merkesteinar, om makt og avmakt, lengsel, kva som skal i oppvaskmaskina og ikkje, og om det å endre den andre. Fortid og framtid er tydeleg til stades. Kanskje er det litt overtenking, og det er ikkje så lett å gripe dagen eller tenke som dei ti tusen instagrammarane gjer det i mikrodikta sine, om romantikk i kvardagen.
Tekstane er både kvardagslege og fulle av ting å tenke på. Balansen i eit forhold. Det å bli vaksen.
Tekstane vekslar på å vere satt opp som dikt (med linjeskift) og det å vere samanhengande korte prosatekstar. Stilen er heile vegen knapp og slagferdig. Språket er moderne, munnleg, lett å lese. Det er på same tid litterære referansar som peikar utover. Edvard Hoem, Aslaug Vaa, eventyr og Alf Prøysen.
Det er ein lun, sjølvironisk humor i oppstillingane av det kvardagsleg og dei store spørsmåla. Eg likar godt kontrastane. Ikkje minst handlar det om nykkelen i døra og dikt av Aslaug Vaa. «Kan ein eiga eit anna menneskje? «
Onsdag over påske skal eg leie eit bokbad med Kari Anne Bye og Eirik Røkkum. Gler meg!