"Eg opplever iblant når eg er langt inne i ei samtale med nokon, og får eit uventa perspektiv på mitt eige liv, eller også når eg skriv, at dører til dei ulike romma i meg kan opne seg, også dører som har vore stengt lenge. Det hender også at eg finn rom som eg ikkje visste var der.
Rommet der sorga over Edvin er, og dermed også Edvin, for livet hans og døden er uskiljelege, tek opp stor plass i hjernen. For å komma til andre rom må eg gjennom dette eine rommet. Det kan knapt kallast eit rom, sidan tapet av han er i alt, alle veggar, tak og golv."