Jump to ratings and reviews
Rate this book

Elsewhere: A journey to the world’s least-visited countries

Rate this book
Gunnar Garfors er kjent for å ha reist verda rundt. På sine turar har han møtt menneske frå mange ulike kulturar og samfunn. Når Garfors er på reise, er det nysgjerrigheita som driv han. Hans vennlege og opne vesen gjer at han lett blir kjent med folk der han er.

I boka Ingenstad – på tur til verdas minst besøkte land tek han oss med til dei 20 landa i verda færrast av oss vel å reise til. Han har vevd opplevingane sine saman til ei lett og ledig bok. Vi blir med på ei personleg ferd og kjem tett på menneska forfattaren har møtt i land som Afghanistan, Turkmenistan, Nauru, Mauritania og Komorane. Nokre av dei har du knapt høyrt om, andre gir neppe andre assosiasjonar enn krig, terror og elende. I Ingenstad møter du mellom anna ein særs imøtekomande statsminister, verdas beste sjokolademakar og ein mangobonde frå Jemen – landet som ein gong hadde fleire hundre tusen turistar i året.

I ei tid prega av konflikt og krig vil forfattaren inspirere oss til å bli kjent med delar av verda som skil seg frå vår eiga, men som mange knapt vågar å reise til. Kanskje vil ei breiare forståing av andre nasjonar, trusretningar og verdsoppfatningar gjere noko med deg som lesar og korleis du ser på verda. Kanskje ville vår klode kunne bli ein betre og vakrare stad om fleire reiste utanfor eigne komfortsoner.

Ingenstad tek deg med til nokre av dei mest fasinerande stadene i verda.

439 pages, Paperback

Published December 9, 2021

3 people are currently reading
93 people want to read

About the author

Gunnar Garfors

5 books9 followers

Ratings & Reviews

What do you think?
Rate this book

Friends & Following

Create a free account to discover what your friends think of this book!

Community Reviews

5 stars
14 (30%)
4 stars
25 (54%)
3 stars
6 (13%)
2 stars
1 (2%)
1 star
0 (0%)
Displaying 1 - 2 of 2 reviews
Profile Image for Eva Kristin.
405 reviews6 followers
October 18, 2020
Garfors har ikkje skrive ei guidebok, men heller ei samling interessante og tankevekkjande anekdotar frå dei 20 minst besøkte landa i verda. Det er oftast ein av to grunnar som gjer at landa er på denne lista. Anten ligg dei særs avsides til, eller så opplevest dei som utrygge grunna krig og konflikt. Ei blanding av fornuft og flaks gjer at Garfors, som reiser aleine, tydlegvis for det meste har følt seg trygg der han er. Eg saknar imidlertid nokre refleksjonar omkring korleis han trur det hadde vore for ei kvinne å besøke nokre av desse landa.

Uansett, dette er ei ypperleg bok å drøyme seg vekk i no når vi ikkje står fritt til å reise slik som vi var vande med før korona. I kvart kapittel er det og mange flotte fargebilete frå reisemåla. Kanskje vi heller skulle reise skjeldnare men til meir spanande reisemål når grensene opnar att?

I føreordet skriv Garfors mellom anna svært klokt og reflektert om flyskam, noko som naturligvis vedkjem ein som reiser mykje både knytt til jobb og fritid.
Displaying 1 - 2 of 2 reviews

Can't find what you're looking for?

Get help and learn more about the design.