Dette er historia om dødsstraffa i Noreg og nokre av dei som blei avretta. Ei kvinne blei brend i år 1301 fordi ho utgav seg for å vere prinsesse; ei anna blei brend på slutten av 1500-talet fordi folk meinte ho var heks. Ein tenåringsgut blei halshoggen etter å ha fått barn med si eiga søster på 1600-talet, og ei tenestejente som på 1800-talet viste seg å vere ein iskald seriemordar, mista hovudet under øksa til bøddelen. I denne sjokkerande og lærerike boka blir du også kjend med nokre av dei som hadde som jobb å avrette dei dødsdømde: skarprettarane. Dødsstraffa blei ikkje avskaffa i Noreg før i 1979, men etter 1876 har ingen her i landet blitt avretta i fredstid. I dag verkar det fjernt at vi har dømt menneske til døden og halshogge eller brent folk framfor store folkemassar, særleg sidan mange av dei kriminelle handlingane dei blei straffa for, ikkje lenger er straffbare. Samtidig veit vi at mange andre land i verda framleis avrettar kriminelle. Kva er argumenta for dødsstraff, og kva er grunnen til at Noreg ikkje vil ha det lenger?
Aina Basso er en norsk forfatter og historiker. Hun debuterte i 2008 med ungdomsromanen "Ingen må vite". I 2010 fulgte hun opp med en roman for voksne, "Fange 59. Taterpige", som hun ble tildelt Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts pris for. I 2012 kom ungdomsromanen "Inn i elden", som ble nominert til Brageprisen, Kulturdepartementets litteraturpris og Nordisk Råds Pris for beste barne- og ungdomsbok 2013.
Velskrive bok om dødsstraffa i Norge (og resten av verda). Boka tar for seg nokre historiske døme i kvart kapittel, og utbroderer så om tidsperioden, typen lovbrot og typen straff. Eg likte veldig godt illustrasjonane i permane; ulike typar dødsstraff som har vore brukt i Norge framme i boka, og kart med oversikt over kva land som framleis har dødsstraff bak i boka.
En veldig interessant bok med spennende historier og fakta om dødsstraff gjennom tidene. Liker spesielt kapittelet om dødsstraff i nyere tid og også i dag.