Etter å ha vore med på ei dramatisk reise med forskingsskipet Bluenose, der dei blei angripne av kanonskipet Georgia og nesten havarerte, er dei no komne til Bergen. Eira skal i land og legge bak seg alt som har skjedd, mens Jamal skal vere med på neste tokt. Det er sommar, og alle trur det skal bli varmt og fint.
Men svart oske har blitt spydd ut i store mengder frå ein vulkan på Jan Mayen. Oska sperrar for sola, og snart begynner det å regne og sludde. Temperaturen går langt under frysepunktet, og forskarane er uroa. Kva er det som eigentleg skjer med klimaet?
Tor Arve Røssland skriv bøker for barn og unge, og er mest kjent for serien om den vesle kultfiguren Pode. Pode er ein seks år gamal gut som vi første gong blei kjend med i boka Pode frå 1999. Seinare har Pode-fans kunna glede seg over å følgje han i Pode mister fotfestet (2000), Pode får snue (2002) og Anti-Pode (2006). Den første boka om Pode er omsett til tysk.
Røssland har også skrive ungdomsromanen Plutselig skjøna eg alle songane (2004) og lettlesboka På rømmen i New York (2008). Svarte Mathilda (2010) vart nominert til Uprisen.
Røssland voks opp på Husnes i Kvinnherad, og er no busett på Halhjem i Os, Hordaland. Han er utdanna ved Universitetet i Trondheim, med faga filmvitskap hovudfag, litteraturvitskap mellomfag og mediepedagogikk.