Goodreads helps you follow your favorite authors. Be the first to learn about new releases!
Start by following Edvard Hoem.

Edvard Hoem Edvard Hoem > Quotes

 

 (?)
Quotes are added by the Goodreads community and are not verified by Goodreads. (Learn more)
Showing 1-30 of 74
“Det var som om ho ikkje kunne for det eller visste kva det kom av: Ho byrja å grine. Ho var ute av stand til å hindre det, og den unge rorskaren dei hadde med seg, lest som om han ikkje såg det, han vende seg, som om han ikkje var sikker på kvar leia var. – Marta Kristine, sa Hans, – kva er det du græt for? – Eg veit ikkje kva det er! sa ho. – Kanskje du kan forklare det? – Det er kjenslene dine som drar av garde med deg, sa Hans. – Men no skal alt bli bra! Men om han verkeleg trudde det, var ho ikkje sikker på. Det var som om han var blitt meir gåtefull enn før. Var det skjedd noko, med han eller barna, som han enno ikkje hadde fortalt henne?”
Edvard Hoem, Jordmor på jorda: Huset under blåhammaren
“Slik går Nesje i eigne tankar, så han nesten blir nedkøyrd av eitt av buda frå Grand Hotel som kjem fykande på ein cykel. Korleis skal det bli i denne gata, der det må vera plass både til cyklar og premieoksar og automobilar og dødelege menneske, det kan ikkje Nesje forstå.”
Edvard Hoem, Bror din på prærien
“Ola gjekk etter systrene ut, og så gav han seg til å følgje dei det første stykket, enda Sara kom ut på trappa og ropte etter han og ville ha greie på kvar han hadde tenkt seg. – Til sommarfjøset! sa Ola, han skulle berre hente eit reip. – Reip har du nok av her heime! sa Sara. Men dette var det finaste, ropte Ola, så dette reipet ville han henge seg i.”
Edvard Hoem, Slåttekar i himmelen
“Byen og landskapet omkring forsvann i ein dis. Den store mannen på dekket tok av seg borsalinohatten og stod og gret medan skipsklokka ringte og dampskipet Moldefjord la til kai.”
Edvard Hoem, Land ingen har sett
“Av alle fabrikkar i verda, er det den store, usynlege draumefabrikken som produserer mest, for denne fabrikken når fram til alle vakne ungdomshjernar utan at det kostar eit øre i frakt.”
Edvard Hoem, Mors og fars historie
“Hadde dei ikkje fått alt av mor og far? Jo, det hadde dei. Måtte dei ikkje vera takksame for at dei hadde mat og klede? Jo, det måtte dei. Men det var likevel eit menneske som hadde draumar om noko anna.”
Edvard Hoem, Mors og fars historie
“Da snudde han Gørvell, dei såg at han snudde, og med kraftige tak nærma han seg, men da han steig opp på land og tørka seg med eit stort handkle, såg dei at stellet hans hadde skrumpa til nesten ingen ting.”
Edvard Hoem, Slåttekar i himmelen
“Det var tjue minusgrader. Det hadde snødd natta i førevegen. Snøfnugga var i lette drift, lette som fjører, og solskinet på Buffalo Lake vart til ein gyllen refleks. Så steig temperaturen med tjue grader berre på nokre timar, så ein fekk ei kjensle av at våren var på veg.”
Edvard Hoem, Slåttekar i himmelen
“Stemninga mellom førsteslåaren og Adam Gørvell, for ikkje å snakke om stemninga mellom Nesje og den nye forpaktaren, var ikkje slik som ho var i Claus Gørvells tid. Men enno skulle Nesje bli på Gørvell-garden i fem og tjue år.”
Edvard Hoem, Slåttekar i himmelen
“Så stod han der og bakte og kokte poteter og vart ein flink elev i husstell, enda han ikkje kunne fatte og begripe kva han skulle lære kvit saus for.”
Edvard Hoem, Heimlandet Barndom
“Svogeren frå Rekneslia vart tiltala med vennlege ord, og da kvelden var liden, vanka det ein dram. Til og med Gjertine unte Nesje den drammen. Han trong å styrke seg før han reiste.”
Edvard Hoem, Slåttekar i himmelen
“I friminuttet var det ein eldre gut som brått gav han ein dytt i magen med albogen, og så fekk han høyre det han fram til da ikkje visste noko om: – Du må ikkje tru at du er så mykje betre enn andre, du som har ei syster som er tyskarunge!”
Edvard Hoem, Liv andre har levd
“Men om sommaren gløder gylne aks der Eilert ein gong sådde, der lyser alfalfa og kløver, der vinglar sommarfuglane i den dampen av dogg og våt mold som ligg over åkrane når sola skin.”
Edvard Hoem, Liv andre har levd
“– Dei kallar meg Nesje, sa han. – Da får eg òg kalle deg Nesje, sa ho.”
Edvard Hoem, Slåttekar i himmelen
“Slik var også Eilert lykkeleg for at bryllaupet kom i stand i hast, for før den sak var ordna, ville ikkje Martha Lyseng sleppe han til. Ho lo når han nærma seg og fjerna handa hans vennleg når han tok etter dei yndigaste delane hennar.”
Edvard Hoem, Bror din på prærien
“Ja, Bakke-huset strålar som eit eventyrslott, og dei skriv brev til pappa som er i Bodø og sender det med Johan Postmann neste dag. «Kjære pappa! Vi stod på vegen, og det var lys overalt!»”
Edvard Hoem, Heimlandet Barndom
“Og så held han på der borte, i fire og fem timar, den store mannen, som sett frå huset blir ein liten figur i det fjerne, mot austhimmelen. Han sår ei vending og nok ei vending og enda ei vending med såmaskinen.”
Edvard Hoem, Liv andre har levd
“Eilert meinte at ein den gongen drakk vin fordi ein ikkje hadde anna drikke for handa, men at patriarkane i den gamle pakt og apostlane i den nye pakt rusa seg, trudde han ikkje, når ein såg bort ifrå den slasken Noah, som drakk seg full da han kom ut av arka, for ikkje å snakke om Lot, som vart skjenkt full av døtrene sine, og til slutt låg med dei.”
Edvard Hoem, Bror din på prærien
“Hoem skulle alltid ligge der, og på ein måte vera hans, sjølv om han ikkje ville bu der. Det skulle vera hans heimland, eit heimland han hadde hatt i sin barndom, ja eit heimland som var Barndom, for han.”
Edvard Hoem, Heimlandet Barndom
“Eilert var ung og uklok og gløymde at han burde setta tann for tunge.”
Edvard Hoem, Bror din på prærien
“Kva var det for ein forferdeleg tanke, var alt arbeid dei hadde lagt ned her, fåfengt? Tida ville vise det, meir kunne ein ikkje seia. Kva framtida har i famnen, veit vi sjeldan. Det meste blir annleis enn vi har tenkt. Men er det ikkje nettopp det som er det eineståande ved livet, vi anar ikkje kvar det endar, eller kva som skal skje med oss?”
Edvard Hoem, Land ingen har sett
“Han rekna ikkje med å koma heim det første året, sa Serianna, han måtte arbeide før han fortente å få fri.”
Edvard Hoem, Slåttekar i himmelen
“Dei sa at dei ikkje hadde hatt noka aning om at toget skulle koma over brua, og at dei ikkje kunne rygge. Togføraren rygga da toget tilbake, og dei kom seg over til den andre sida. Deretter kom han ut og gav dei to i bilen ei innføring i all den uttrykksvariasjonen som finst i det engelske språket. Dei måtte berre finne seg i det.”
Edvard Hoem, Liv andre har levd
“Han ville lesa nokre vers frå Bibelen likevel, og derfor brukte han metoden som han hadde lært av lekpredikantane den tida han gjekk på oppbyggelse i Sættem-huset i Molde: Han slo opp på måfå i bibelen sin og hamna i Galatarbrevet. Der lét han tommelfingeren fara over linjene og hamna i kapittel 5.”
Edvard Hoem, Bror din på prærien
“Den 12. januar 1899 skulle Gjertine fylle førti år. Slik ein ordla seg i den tida, og i alle fall slik ho sjølv såg det, var ho i ferd med å bli ei gammal kone.”
Edvard Hoem, Bror din på prærien
“Sjølv var Nesje ingen høgremann. Han hadde ikkje stemmerett, og Høgre var imot at slike som han skulle få stemmerett, men han var redd fritenkeriet, og det måtte dessverre seiast at Norges største diktar, Bjørnstjerne Bjørnson, no var komen fritenkeriet farleg nær.”
Edvard Hoem, Slåttekar i himmelen
“Men det første som skjedde, var at den tilkomande svigerdottera, som Beret Anna hadde kalla Krestine med trykk på den første stavinga, helst ville bli kalla Kristiine! med trykk på andre staving, og det sa ho frå om, rett nok på ein vennleg og førekomande måte. Dei prøvde å innrette seg, men det var ikkje lett, og enda meir forundra var dei da Kristiine, som dei sa til kvarandre, gjekk i gang med å grønsåpevaske alle rom i den delen av huset som skulle bli hennar og Knuts heim.”
Edvard Hoem, Liv andre har levd
“Men Ingeborg, den gamle bestemora, gjekk omkring og grynta. – Du knepper vel ikkje kjolen igjen i den heilage juletida heller du! sa ho til Gjertine. – Nei, da må eg ha meir luft enn nokon gong, sa Gjertine. – Luft får ein inn gjennom nase og munn, ikkje gjennom pattane! sa gamle Ingeborg.”
Edvard Hoem, Slåttekar i himmelen
“Så tok han skjegget også, glattraka seg, men da begynte Sivert å storskrike, for han hadde ikkje sett far sin med glatt hake på mange år, og det tok lang tid å trøyste han.”
Edvard Hoem, Slåttekar i himmelen
“Han var kvalm og sveitt og søvnlaus, og sa sidan at han ikkje var i tvil om at Gud kalla på han. Ved femtida ropte han: – Så får du ta imot meg, Gud, dersom eg er verdig til det.”
Edvard Hoem, Bror din på prærien

« previous 1 3
All Quotes | Add A Quote
Slåttekar i himmelen Slåttekar i himmelen
1,020 ratings
Bror din på prærien Bror din på prærien
579 ratings
Jordmor på jorda: Huset under blåhammaren Jordmor på jorda
457 ratings
Land ingen har sett Land ingen har sett
393 ratings