No er det midten av november. Eg har fylt 31 år. Akkurat no ventar eg på at biblioteket skal opne, eg har drukke ein kruttsterk kaffi og ser den første snøen falle i Skovveien. I dag henta eg fåreskinnskåpa frå bestemor på loftet, eg ser fornuftig og damete ut i den. Så langt har eg brukt heile november til å skrive. Har takka nei til alle fotooppdrag, det måtte berre bli sånn. Har fått oversikt over at eg ikkje har oversikt i det heile tatt. Dagane går så fort, eg får såvidt tid til å skrive...
Published on November 14, 2017 00:39