Jonas’s Reviews > Eg et før eg kjem > Status Update

Jonas
Jonas is 25% done
Liv laga
Ho er ikkje liv laga denne forelskinga. Eg veit det gjer inni helvete vondt, men du vert nøydd til å gjere slutt på henne. Ikkje dra dette ut i seigpining og faenskap, tru meg. Ta henne med bak låva og skyt henne, jo før jo heller. Du veit ho må døy.
— Apr 23, 2023 02:44PM
Eg et før eg kjem

flag

Jonas’s Previous Updates

Jonas
Jonas is 41% done
Realistisk
Kvifor er gifteringar slike glatte, blanke gullringar, spurde venninna. Dei burde vere raude sølvringar som oksiderer og svartnar, noko som krev vedlikehald, noko meir realistisk.
— Apr 24, 2023 09:07PM
Eg et før eg kjem


Jonas
Jonas is 40% done
Naudutgang
Det var èin av desse dagane. Ho nikka berre kjapt til kjenningen, let han få èin sjanse til å sleppe unna. Ingen skulle tvingast til å vere med henne. Den børa bar ho aleine.
— Apr 23, 2023 11:00PM
Eg et før eg kjem


Jonas
Jonas is 27% done
Tekn
Ho hadde venta på at han skulle våkne, hadde håpa han skulle gje henne eit tekn på at ho fekk vere nær ham. I tomheita etterpå kom ho på det. Ho hadde heller Ikkje gjeve han noko tekn.
— Apr 23, 2023 10:52PM
Eg et før eg kjem


Jonas
Jonas is 27% done
Varme
Ho fraus mest heile tida. Ho averterte på Tinder etter menn med vedovn. Det var mykje lettere å be om enn varmen fra eit anna menneske.
— Apr 23, 2023 02:50PM
Eg et før eg kjem


No comments have been added yet.